Sakkunnige

Sakkunnige 

For å opplyse ei sak kan kommisjonen oppnemne sakkunnige, sjå straffeprosesslova § 398 b andre ledd. Oppnemninga følgjer reglane i 
straffeprosessloven kap. 11.

Kommisjonen har gjennom dei åra han har vore i verksemd, oppnemnt sakkunnige på ulike område. 

Dette har til dømes vore innan 
• rettspsykiatri 
• rettspsykologi
• rettstoksikologi
• rettsgenetikk
• økonomi
• historie
• foto- og filmteknikk
• lydteknikk
• brannteknikk
• bilsakkunne 
• tradisjonell kriminalteknikk

Kommisjonen fastset mandatet for oppdraget til dei sakkunnige. Partane får normalt høve til å uttale seg om forslag til sakkunnige og utkast til mandat. Dei sakkunnige skal gi si erklæring til kommisjonen.

Oppnemnde sakkunnige har krav på godtgjersle etter dei gjeldande salærføresegnene. 

Ein stor del av sakene som har blitt gjenopna av kommisjonen, gjeld den psykiske helsa til domfelte. Grunngivinga for gjenopning kan vere at domfelte var utilrekneleg på handlingstida (straffelova (1902) § 44 og straffelova (2005) § 20), eller at han var lettare psykisk utviklingshemma, slik at ein mildare straffereaksjon skulle vore vurdert (straffelova (1902) § 56 c og straffelova (2005) § 80).

Sakkunnige i rettsmedisinske spørsmål skal òg sende si sakkunnige erklæring til Den rettsmedisinske kommisjon, jf. straffeprosesslova § 398 b andre ledd og § 147 første ledd. Her er lenkje til Statens sivilrettsforvaltning: https://www.sivilrett.no/