Presentasjon av kommisjonen

Om kommisjonen

Gjenopptakingskommisjonen avgjer om ein domfelt med rettskraftig dom skal få behandla saka si på nytt av retten. Kommisjonen er uavhengig av politiet, påtalemyndigheita og domstolane.

Gjenopptakingskommisjonen skal sikre ei objektiv vurdering av om vilkåra for gjenopning er oppfylte.

Dei viktigaste grunnane til at ein rettskraftig dom i ei straffesak skal kunne få ny behandling i retten, er:

Dei viktigaste grunnane til at ei straffesak skal få ny handsaming, er:

  • Det ligg føre nye bevis eller nye omstende som kan vere eigna til å føre til frifinning eller gi mildare straff.
  • Ein internasjonal domstol eller FNs menneskerettskomité har funne at avgjerda eller saksbehandlinga som ligg til grunn for avgjerda, er i strid med folkeretten, slik at det er grunn til å anta at ei ny behandling av straffesaka vil føre til eit anna resultat.
  • Nokon som har vore sentral i saka, har gjort seg skuldig i eit straffbart forhold knytt til saka, og det kan ikkje utelukkast at dette har hatt innverknad på dommen. Til dømes at bevis er forfalska, eller at vitne bevisst har gitt urett forklaring.
  • Det ligg føre særlege forhold som gjer det tvilsamt om dommen er rett, og tungtvegande omsyn taler for at skuldspørsmålet blir prøvd på nytt.

I straffeprosesslova kapittel 27 står reglane om Gjenopptakingskommisjonen og om vilkåra for gjenopning.  

Dersom saka blir gjenopna, skal skuldspørsmålet og/eller straffutmålinga prøvast på nytt. Saka vil då gå for ein annan domstol enn den som avsa den dommen som blir angripen. Domstolen som skal behandle saka på nytt, skal vere på same nivå som den som behandla saka førre gong.

Kommisjonen består av fem faste medlemmer og tre varamedlemmer. Leiaren blir utnemnd av Kongen i statsråd for éin periode på sju år. Dei andre medlemmene og varamedlemmene blir oppnemnde av Kongen i statsråd for ein periode på tre år, med høve til éi gjenoppnemning. Leiaren er heiltidstilsett og er også leiar for sekretariatet i det daglege.

Leiaren, nestleiaren, éin av medlemmene og to av varamedlemmene skal ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap. Dei andre medlemmene har annan fagbakgrunn. Kommisjonen er breitt samansett og har erfaring frå rettsvesenet og samfunnet elles.

Gjenopptakingskommisjonen har rettleiingsplikt overfor domfelte og har ansvar for at det blir gjort ei grundig utgreiing av saka. Kommisjonen kan innhente opplysningar på den måten medlemmene meiner er formålstenleg. Kommisjonen kan innkalle sikta og vitne til uformelle samtalar eller avhøyr, og dessutan halde munnlege høyringar og krevje bevisopptak. Vidare kan det setjast fram kravsmål til retten om personundersøking, observasjon og bruk av tvangsmiddel. Kommisjonen kan gi utleveringspålegg, oppnemne sakkunnige og gjennomføre gransking. I særlege tilfelle kan kommisjonen be påtalemyndigheita om å drive etterforsking.

Kommisjonen kan forkaste kravsmål som ut frå sin karakter ikkje kan gjenopnast, eller som er openbert grunnlause. Slike avgjerder kan òg takast av kommisjonens leiar eller nestleiar åleine.

Sekretariatet hjelper kommisjonen i dette arbeidet.

Kommisjonen bestemmer sjølv arbeidsforma si og kan ikkje instruerast om utøvinga av den myndigheita han er gitt.

Kommisjonen har vore i verksemd sidan januar 2004.