Gjenopptakingskommisjonens medlemmer og sekretariat

Leiar

Siv Hallgren

Leiar av kommisjon og sekretariat

Arbeidserfaring frå Justisdepartementet, konsulent i Direktoratet for arbeidstilsynet, politifullmektig/-adjutant, påtaleleiar og konstituert kriminalsjef i Politiet i Asker og Bærum, hovudjeger i ISCO Group AS og advokatfullmektig/advokat i advokatfirmaet Lea, Haavik & Helland, og advokat og partnar i Advokatfirmaet Elden DA. Har vore leiar for bistandsadvokatutvalet i Advokatforeningen og var medlem av Arbeidsgruppe for økt bruk av konfliktråd, Tilregnelighetsutvalget og Særdomstolsutvalget og av Helsepersonellnemnda i tre år.

Nestleiar

Trude Marie Wold

Advokat

Wold har juridisk embetseksamen frå universitetet i Tromsø, 1996. Ho har drive advokatfirmaet Wold på Sortland sidan 2002. Wold har vore nestleiar og medlem i Hovedstyret i Advokatforeningen sidan 2020, leiar for Kontrollkommisjonen for sjukehusa i Lofoten og Vesterålen sidan 2019 og frå 2011 fast bistandsadvokat for Vesterålen tingrett/ Midtre-Hålogaland tingrett og Hålogaland lagmannsrett.

Medlem

Dag Jodaa

Tingrettsdommer i Rana tingrett

Jodaa har juridisk embetseksamen frå 1996. Han var dommarfullmektig i 1996–1999, rådgivar i Justisdepartementet i 1999–2000 og privatpraktiserande advokat og partnar i Advokathuset Helgeland DA i 2000–2015. Sidan det har han vore dommar i Rana tingrett.

Medlem

Elin Ramleth Østli

Statsautorisert revisor

Østli har høgare revisoreksamen frå 1986. Ho var tilsett i Arthur Andersen & Co frå 1986 til 1991 og i Sparebanken Hedmark frå 1991 til 1994. Frå 1994 har ho vore privatpraktiserande revisor og oppdragsansvarleg partnar i Revisorsenteret Trysil DA. I perioden 2004–2007 og frå 2010 har ho hatt verv i kvalitetskontrollen i Den norske Revisorforening. Frå 2012 til 2016 var ho medlem i Klagenemnd for revisor- og regnskapsførersaker.

Varamedlem

Bendik Falch-Koslung

Advokat

Falch-Koslung har juridisk embetseksamen frå universitetet i Oslo frå 2006. Han har drive eigen advokatpraksis i advokatfelleskapet Mette Y. Larsen & CO sidan 2013 etter tidlegare å ha vore tilsett som advokat. Falch-Koslung er fast forsvarar for Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett og har møterett for Høgsterett. Han er vidare leiar av Advokatforeningens isolasjonsgruppe og medlem av styret i Forsvarergruppen i Advokatforeningen. Han er òg tilknytta Universitet i Oslo, juridisk fakultet, som rettleiar og sensor innan strafferett, straffeprosess og menneskerettar.

Varamedlem

Timothy John Brennen

Professor psykologi ved UiO

Brennen forskar på menneska sine mentale prosessar, mellom anna personidentifisering, falske minne og effekten av traume på korleis ein hugsar og tenkjer. Han har hatt fleire oppdrag som rettsoppnemnt sakkunnig vitne om minne og relaterte tema. Han har tidlegare arbeidd ved universiteta i Tromsø, Savoie og Grenoble, har vore forskingsleiar ved Psykologisk institutt, og forskingsdekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, UiO.

Medlem

Leif Erik Rønneberg Hauge

Fagsjef i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen HF

Hauge har utdanning som cand. med og cand. scient frå Universitetet i Bergen. Autorisasjon som lege 1987. Doktorgrad i matematikk og informatikk 1994. Spesialist i nevrologi og psykiatri. Vidareutdanning i rettspsykiatri, kognitiv terapi og gruppeterapi. Omfattande erfaring som rettsoppnevnt sakkunnig i såvel straffesaker (judisielle observasjonar) som sivile saker og som fagkyndig meddommar i tingrett og lagmannsrett. Undervisar i rettspsykiatri og sakkunne for legar og psykologar.

Varamedlem

Hanne Helle Arnesen

Lagdommar i Agder lagmannsrett

Arnesen har juridisk embetseksamen frå 1986. Ho har tidlegare vore konsulent/utgreiingskonsulent i Justisdepartementet, dommarfullmektig ved Larvik sorenskrivarembete og privatpraktiserande advokat i 12 år. Ho har vore lagdommar sidan 2004.

 

 

 

Om sekretariatet

Sekretariatet hjelper kommisjonen med å undersøkje og greie ut dei rettslege og faktiske sidene ved sakene. Kommisjonen sitt sekretariat har tretten fast tilsette under leiing av kommisjonens leiar. 

Sekretariatet har ni juridiske utgreiarar og to utgreiarar med politifagleg bakgrunn. I tillegg har sekretariatet ein kontorsjef og ein seniorsekretær.

Utgreiarane i sekretariatet har brei erfaring frå strafferettspleia og anna verksemd. Dei har bakgrunn frå blant anna domstolane, påtalemyndigheita, politiet, forsvararsida og forvaltninga.

Kommisjonen har ei aktiv rettleiingsplikt. Dersom den som søkjer om gjenopning, ikkje får bistand frå forsvarar, vil sekretariatet normalt ha direkte kontakt og dialog med den enkelte. 

Har du spørsmål eller vil vite meir? Ring eller send oss ein e-post.