Gjenopptakingskommisjonens medlemmer og sekretariat
Leiar
Kamilla Silseth
Leiar av kommisjon og sekretariat
Kamilla Silseth har juridisk embetseksamen frå universitetet i Bergen, 2000. Ho har erfaring som tingrettsdommar, konstituert lagdommar og frå forvaltninga. Ho har dei siste ti åra vore partnar i Advokatfirmaet Schjødt.

Nestleiar
Trude Marie Wold
Advokat
Wold har juridisk embetseksamen frå universitetet i Tromsø, 1996. Ho har drive advokatfirmaet Wold på Sortland sidan 2002. Wold har vore nestleiar og medlem i Hovedstyret i Advokatforeningen sidan 2020, leiar for Kontrollkommisjonen for sjukehusa i Lofoten og Vesterålen sidan 2019 og frå 2011 fast bistandsadvokat for Vesterålen tingrett/ Midtre-Hålogaland tingrett og Hålogaland lagmannsrett.

Medlem
Dag Jodaa
Tingrettsdommar og nestleiar i Helgeland tingrett
Jodaa har juridisk embetseksamen frå 1996. Han var dommarfullmektig i 1996–1999, rådgivar i Justisdepartementet i 1999–2000 og privatpraktiserande advokat og partnar i Advokathuset Helgeland DA i 2000–2015. Sidan det har han vore dommar i Helgeland tingrett.

Medlem
Rolf K. Sæther
Statsautorisert revisor
Sæther vart statsautorisert revisor i 1991. Han har erfaring frå internrevisjon i bank, leiing av lokalbankkontor og frå ekstern revisjon, seinast som partnar i BDO. Han var styremedlem i Den norske Revisorforening i perioden 2015 – 2021.

Medlem
Erik Rønneberg Hauge
Fagsjef i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen HF
Hauge har utdanning som cand. med og cand. scient frå Universitetet i Bergen. Autorisasjon som lege 1987. Doktorgrad i matematikk og informatikk 1994. Spesialist i nevrologi og psykiatri. Vidareutdanning i rettspsykiatri, kognitiv terapi og gruppeterapi. Omfattande erfaring som rettsoppnevnt sakkunnig i såvel straffesaker (judisielle observasjonar) som sivile saker og som fagkyndig meddommar i tingrett og lagmannsrett. Undervisar i rettspsykiatri og sakkunne for legar og psykologar.

Varamedlem
Timothy John Brennen
Professor psykologi ved UiO
Brennen forskar på menneska sine mentale prosessar, mellom anna personidentifisering, falske minne og effekten av traume på korleis ein hugsar og tenkjer. Han har hatt fleire oppdrag som rettsoppnemnt sakkunnig vitne om minne og relaterte tema. Han har tidlegare arbeidd ved universiteta i Tromsø, Savoie og Grenoble, har vore forskingsleiar ved Psykologisk institutt, og forskingsdekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, UiO.

Varamedlem
Bendik Falch-Koslung
Advokat
Falch-Koslung har juridisk embetseksamen frå universitetet i Oslo frå 2006. Han har drive eigen advokatpraksis i advokatfelleskapet Mette Y. Larsen & CO sidan 2013 etter tidlegare å ha vore tilsett som advokat. Falch-Koslung er fast forsvarar for Oslo tingrett og Borgarting lagmannsrett og har møterett for Høgsterett. Han er vidare leiar av Advokatforeningens isolasjonsgruppe og medlem av styret i Forsvarergruppen i Advokatforeningen. Han er òg tilknytta Universitet i Oslo, juridisk fakultet, som rettleiar og sensor innan strafferett, straffeprosess og menneskerettar.

Varamedlem
Beate Blom
Lagdommar i Gulating lagmannsrett
Blom har juridisk embetseksamen frå 1990. Ho har arbeidserfaring som politifullmektig/adjutant og dommarfullmektig før ho i 1999 vart dommar, først som byfut ved Bergen byfutembete og frå 2006 som tingrettsdommar og avdelingsleiar i Bergen tingrett. Ho har sidan 2016 vore lagdommar i Gulating lagmannsrett.
Om sekretariatet
Sekretariatet hjelper kommisjonen med å undersøkje og greie ut dei rettslege og faktiske sidene ved sakene. Kommisjonen sitt sekretariat har tretten fast tilsette under leiing av kommisjonens leiar.
Sekretariatet har ni juridiske utgreiarar og to utgreiarar med politifagleg bakgrunn. I tillegg har sekretariatet ein kontorsjef og ein seniorsekretær.
Utgreiarane i sekretariatet har brei erfaring frå strafferettspleia og anna verksemd. Dei har bakgrunn frå blant anna domstolane, påtalemyndigheita, politiet, forsvararsida og forvaltninga.
Kommisjonen har ei aktiv rettleiingsplikt. Dersom den som søkjer om gjenopning, ikkje får bistand frå forsvarar, vil sekretariatet normalt ha direkte kontakt og dialog med den enkelte.
Har du spørsmål eller vil vite meir? Ring eller send oss ein e-post.