Flyktningkonvensjonen og gjenopning 

Gjenopptakingskommisjonen har ved fleire høve gjenopna saker der flyktningar har blitt domfelte for bruk av falske reisedokument eller falsk forklaring for norske myndigheiter i samband med innreise til landet. Flyktningane kan i desse sakene ha blitt domfelte på urett grunnlag. 

Ein har i desse sakene ikkje vore tilstrekkeleg merksam på straffridomsregelen i flyktningkonvensjonen 28. juli 1951 artikkel 31 nr. 1. Her står det at statane, på nærmare vilkår, ikkje skal straffeforfølgje ein flyktning på grunn av ulovleg innreise eller opphald føresett at flyktningen «straks» (without delay) framstiller seg for myndigheitene og godtgjer gyldig grunn for lovbrotet.

I utgangspunktet vil straffritak omfatte flyktningar som kjem direkte til Noreg, og som straks framstiller seg for norske myndigheiter. I praksis omfattar dette dei som søkjer om asyl ved framkomst og forklarer seg om dei falske dokumenta, og som godtgjer at dei har ein gyldig grunn for ulovleg innreise. Sjå avgjerd frå Høgsterett Rt. 2014 s. 645.

Høgsterett har i denne avgjerda gjort nærmare greie for kva som ligg i omgrepet «without delay», som er blitt omsett til «straks» på norsk. Høgsterett har påpeika at «straks» ikkje er ei heldig omsetjing av «without delay», som gir eit større spelerom enn «straks» slik dette ordet vanlegvis blir oppfatta. Det går fram av avgjerda at vilkåret i alle fall er tilfredsstilt når det er søkt om asyl før innreisekontrollen er avslutta. Elles står det i avsnitt 14 av dommen at ein må gjere ei konkret vurdering av kva ein i det enkelte tilfellet reknar som «without delay». 

For å oppsummere følgjer det av dommen at flyktningkonvensjonen artikkel 31 nr. 1 skal lesast som om det stod «utan ugrunna opphald» i staden for «straks». Vidare skal ein i den konkrete vurderinga ikkje berre ta omsyn til kva slags situasjon flyktningen objektivt sett har vore i, men også korleis flyktningen, ut frå sine føresetnader, hadde grunn til å oppfatte han. 
Ein kan i slike tilfelle søkje om gjenopning av dommen ved å vise til forbodet i flyktningkonvensjonen artikkel 31 nr. 1 mot å straffe flyktningar. Gjenopning vil særleg vere aktuelt for domfellingar der retten ikkje har vurdert straffridom etter flyktningkonvensjonen.

Døme på situasjonar der ein ikkje kan rekne med gjenopning, er der domfelte har brukt falske dokument / forklart seg falskt utan å vere asylsøkjar. Dette vil gjelde personar som kom til Noreg for å søkje om arbeidsløyve, familiegjenforeining o.l. Andre praktiske døme er asylsøkjarar som held fram med å bruke dei falske dokumenta etter at dei har komme til Noreg, eller asylsøkjarar som bruker for lang tid på å melde seg for norske myndigheiter.

Dersom kommisjonen finn at eit av vilkåra for straffridom er oppfylt, kan det vere nok til å gjenopne saka. 

Døme på gjenopna saker: 

GK-2018-186
GK-2015-124
GK-2015-123
GK-2014-185
GK-2014-156 

Døme på saker som er forkasta:

GK-2014-106
GK-2014-144