Informasjon til deg som ønskjer gjenopning av ei straffesak

Gjenopptakingskommisjonen bestemmer om ein rettskraftig dom skal behandlast på nytt i retten. Saksbehandlinga til kommisjonen er grundig, objektiv og uavhengig.

Ønskjer du gjenopning, må du sende inn eit skriftleg kravsmål. Det er ingen tidsfrist for å søkje om gjenopning. Skjemaet finn du her.

Dersom du ikkje har advokat (forsvarar) til å hjelpe deg, vil du få rettleiing undervegs og tilbod om ein samtale med ein juridisk utgreiar i kommisjonen. Kommisjonen skal undersøkje om det finst relevant informasjon om saka di, til dømes ved å avhøyre vitne eller engasjere sakkunnige.

Du treng derfor som oftast ikkje hjelp frå advokat eller privatetterforskar. Dersom du likevel ønskjer hjelp frå ein advokat, må du i utgangspunktet betale dette sjølv. Kommisjonen kan i særlege tilfelle oppnemne forsvarar for deg, slik at du ikkje treng å betale noko.

Det er fleire grunnar til at ei sak kan bli behandla på nytt, blant anna fordi eit vitne har loge, det er komme fram nye bevis, eller det er tvilsamt om dommen er rett.

Saka blir gjenopna viss kommisjonen meiner at vilkåra er oppfylte. Du vil då få ei ny behandling av saka di i retten.

Dersom du har spørsmål, kan du gjerne kontakte oss.