Tolk

Tolketenester
 

God kommunikasjon er nødvendig for at vi skal kunne informere, rettleie og finne fram til informasjon i ei sak. Personar med manglande norskkunnskapar kan trenge tolk. Tolken skal bidra til å sikre at rettssikkerheita ikkje blir svekt ved språkbarrierar.
Det er vårt ansvar å sørgje for å bestille kvalifiserte tolkar.

Det er viktig at du som søkjer om gjenopning av saka di, opplyser oss om at du treng tolk, og kva språk du bruker. 

Vi bestiller tolkar frå Nasjonalt tolkeregister, som er tilgjengeleg på www.tolkeregisteret.no. Så langt det er mogleg, vil vi velje den tolken som ser ut til å vere best kvalifisert for det aktuelle oppdraget. I særlege tilfelle der språk eller andre forhold gjer at ein tolk med utdanning og/eller autorisasjon ikkje er tilgjengeleg, vil vi tilkalle tolk som oppfyller minstekravet for å stå registrert i Nasjonalt tolkeregister.

Ved bestilling av tolk sjekkar vi at tolken ikkje er inhabil.

Som hovudregel vil vi nytte frammøtetolking, det vil seie at tolken møter opp personleg. Dersom dette ikkje er mogleg, kan tolking via skjerm eller telefon vere eit alternativ. 

Utgiftene til tolking blir dekte av Gjenopptakingskommisjonen.