Advokatar
Advokatar - oppnemning som forsvarar
Den som er sikta i ei straffesak, har rett til bistand frå forsvarar på kvart trinn av saka. Dette inneber at også den som søkjer om gjenopning av ein rettskraftig dom, har rett til å få hjelp av forsvarar, sjå straffeprosesslova § 94 første ledd.
Forsvarar blir ikkje oppnemnd automatisk av det offentlege. Etter straffeprosesslova § 397 andre ledd første setning kan kommisjonen oppnemne offentleg forsvarar for den domfelte når «særlige grunner» tilseier det. Bakgrunnen for denne avgrensinga er at kommisjonen etter straffeprosesslova § 397 første ledd har ei plikt til å rettleie den som søkjer om gjenopning. Kommisjonen har eit eige sekretariat som greier ut sakene for kommisjonen, sjå § 398 første ledd, jf. § 395 siste ledd. Det går fram av Ot.prp. nr. 70 (2000–2001) side 74 at kommisjonens plikt til å gi den domfelte rettleiing og til sjølv aktivt å opplyse saka så godt som mogleg før ho blir avgjord, inneber at det i dei fleste sakene ikkje vil vere behov for at domfelte får rettshjelp. Vidare går det fram at det i nokre tilfelle kan stille seg annleis, til dømes i meir kompliserte saker og der sikta i særleg grad har behov for hjelp for å passe si eiga tarv.
Den som ber om å bli oppnemnd som forsvarar, må derfor grunngi kvifor det ligg føre «særlige grunner» for oppnemning, slik at kommisjonen kan vurdere om vilkåra er oppfylte. Førespurnad om forsvararoppnemning må setjast fram for kommisjonen og skal avgjerast av leiar, nestleiar eller administrativ nestleiar i kommisjonen.
Dersom kommisjonen oppnemner forsvarar, vil oppnemninga vanlegvis vere avgrensa til eit visst tal timar, slik at forsvararen skal kunne gi ei framstilling av dei faktiske og rettslege sidene ved kravsmålet, sjå også straffeprosesslova § 394 første ledd andre setning. I nokre tilfelle kan forsvararen sjølv gi eit anslag over kor mykje arbeid han eller ho reknar med å bruke for å hjelpe domfelte i gjenopningssaka. Dersom det oppstår behov for å gå ut over den ramma som er fastsett i oppnemningsbrevet, vil ein kunne utvide ramma dersom forsvararen på førehand kjem med ei skriftleg grunngiving for dette.
Dersom det er grunn til å anta at den domfelte var utilrekneleg på handlingstida, jf. straffelova (1902) § 44 og straffelova (2005) § 20, skal han ha forsvarar, jf. straffeprosesslova § 392 andre ledd, jf. § 96 i.f. I slike tilfelle blir det oppnemnt ein forsvarar utan tidsavgrensing.
Når ein sender inn kravsmål for ein domfelt, må ein leggje ved skjema med signaturen til den domfelte.
Advokatar – oppnemning som bistandsadvokat
Fornærma og etterlatne har rett til å få hjelp av advokat for eiga rekning. Kommisjonen kan oppnemne bistandsadvokat etter reglane i § 107 a, jf. straffeprosesslova § 397 andre ledd tredje setning. Reglane i §§ 107b–107g gjeld så langt dei passar.
Eit kravsmål om oppnemning som bistandsadvokat må grunngivast og sendast til kommisjonen.
Advokatar – salær
Salærinstruksen gjeld for advokatar som er oppnemnde av kommisjonen. Godtgjersle skjer etter dei fastsette satsane. Kommisjonens avgjerd om godtgjersle til forsvarar er endeleg, jf. straffeprosesslova § 397 andre ledd i.f.